Stig Ulv på heimebane

Stig Ulv. Pressebilete.
Stig Ulv. Pressebilete.
Søndag, 13 november, 2016 klokka 19:00

Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, mellom mektige fjordar og majestetiske fjell.

Det er truleg her, i skjeringspunktet mellom folk og natur, at den har vorte til, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen.

Den som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert for å få med seg ein signert CD. Den som gjer at Dagbladet sin journalist Tom Stalsberg finn det tvingande naudsynt å be folk om å sjekke ut den beskjedne sunnmøringen.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ei rein kjensle for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

- Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre fordi han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.

 

Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, ikkje noko mindre.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: