Stille songar og varme vers...

Anne Lande, Per Husby, Ole Jørn Myklebust & Tolvtetten. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Anne Lande, Per Husby, Ole Jørn Myklebust & Tolvtetten. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Laurdag, 5 november, 2016 klokka 17:00

Anne Lande, Per Husby, Ole Jørn Myklebust & Tolvtetten inviterer til allehelgenskonsert i Herøy kyrkje

Poesikonsert i Herøy kyrkje med norske tekstar om avskjedar, viser/melodiøs jazz, poesi, resitasjon. Repertoaret er henta m.a frå Alf Prøysen, Kjell Aukrust og Inger Hagerup, og ein del av musikken og tekstane er også nyskrivne av Lande/Husby for dette prosjektet. I tillegg blir dikt av Hans Børli, Rolf Jacobsen, Kolbein Falkeid, Kaisa Aglen m.fl. fletta inn i programmet. Tekstane står ikkje åleine som rein tekst, dei får ei ny tyding i den musikalske språkdrakta, fordi musikken har nøklar i seg til av og til å kunne opne opp inn til menneskehjarta og til dei bileta vi bær på frå våre individuelle livserfaringar. 

 

Det er dei tre musikarane Anne Lande - vokal, Per Husby - piano og Ole Jørn Myklebust - trompet som har sett saman denne konserten. Tolvtetten vil ha sin eigen avdeling saman med Per Husby, men vil også gjere enkelte songar saman med musikarane. 

Stad
Herøy Kyrkje
6091
Fosnavåg
Kommune: