"Stjernen er tent" SEVEN, Mixklubben, Stranda Soul Children

Seven. Fotokilde: Storfjord Kulturhus.
Seven. Fotokilde: Storfjord Kulturhus.
Laurdag, 5 desember, 2015 klokka 16:00

Jente-sanggruppa "SEVEN" vart starta i 2003 og har heile tida vore kristne barneartistar. Dei har selt meir enn seksti tusen plater, gitt om lag 70-80 konsertar i året, og vitja alle fylka i landet. No kjem dei til Stranda, og held konsert i kulturhuset, saman med MIXKORET OG STRANDA SOUL CHILDREN.

Her er kva gruppa skriv om seg sjølv:


"SEVEN" ønsker å spreie glede og engasjement i det kristne arbeidet mellom born på dei stadane vi kjem. Vi ønsker å gi born noko positivt å lytte til - og vi ønsker å vere ei real vitamininnsprøyting for lokalmiljøa vi besøker.

Dette året er songane våre baserte på kjernetekstar og historier frå trusopplæringa. Vi vil dele vår songglede med alle - med menigheiter, søndagsskular, barnekor og skuleborn kring i Norge!

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: