Strandrydding på Prestneset i Nesset!

Laurdag, 5 mai, 2012

Stormane og storfloa i jula har fylt opp Storfjøra på Prestneset med drivved, vrakgods, plastikk og anna søppel. Prestneset er eit unikt område med gravhaugar frå tidleg vikingtid, hustufter etter fleire husmannsplassar og ikkje minst eit flott friområde for bading , turgåing og anna aktivitet.

Laurdag 5. mai er den store nasjonale strandryddedagen og og då ber vi om hjelp til å rydde på Prestneset.

Det trengst mange hender, vi skal plukke opp all plast og anna restavfall, impregnert trevirke skal fjernast slik at det berre er reint trevirke igjen som kan brennast. Vi håpar å få til eit skikkeleg St. Hans bål laurdag 23. juni. Vi startar klokka ti og held på til klokka fem, men det er sjølvsagt lov å komme og gå slik det passar.

RIR deler ut plastsekkar og vil fjerne alt avfallet gratis men først må det samlast og transporterast til bilveg. Plana er at vi på laurdag 5. mai skal samle mest mulig i haugar og sekker , og så får vi kjøre det fram til bilveg med traktor og hengar når det er tørt i marka. Viss du har mulighet til å stille med traktor og hengar ber vi om at du tar kontakt med Bjørn Ølander.

Eidsvåg barne- og ungdomsskole har bebuda at dei vil starte strandryddinga allerede onsdag 2. mai , men det vil heilt sikkert være rikeleg med søppel igjen til laurdag.

For at dette óg skal bli ein triveleg dag, må vi ta oss tid til å tenne opp nokre pølsebål, og det blir delt u t gratis pølse og brød så langt det rekk. Det er viktig at det ikkje blir laga bål på svaberga, dette gjer at berget sprekk opp og det blir kvasse kantar. Bål må lagast i fjøra der det er stein under.

Møt opp på Prestneset med godt fottøy, arbeidsklede og gjerne hanskar.

Torsdag 3. mai er det tradisjonell rake- og ryddedugnad i tunet på Prestegarden fra klokka seks til åtte. Romsdalsmuseet og Nesset kommune står bak ryddeaksjonen.

Kontaktperson : Bjørn Ølander , tlf 41418816 . E-post: bjorn@romsdalsmuseet.no

Stad
Nesset prestegard
Eidsvåg
6460
EIDSVÅG I ROMSDAL
Kommune: