Stuekonsert med Swing'it Dixieband

Swing'it Dixieband. Pressebilete.
Swing'it Dixieband. Pressebilete.
Fredag, 15 februar, 2019 klokka 21:00

Swing'it Dixieband - Norges hottaste gla'jazzband - har dei siste åra skapt skamgod stemning på alt fra jazzklubbar, parader og utested til festivaler og som gatemusikantar. Dei serverar eit hesblesande show med masse energi, heftige hornsoloar, deilige vokalharmoniar, svingande basslinjer, kleine vitsar, ein ustemt banjo og tre bøtter sjarm - det heile kledd i klassisk stil med bukseselar, tversoversløyfer og stråhattar!

Dei har over 40 konserter bak seg på store internasjonale festivalar som Kongsberg Jazzfestival, Slottsfjellfestivalen, Edinburgh Blues & Jazzfestival og hundrevis av konsertar på jazzklubbar, eventar, bryllaup og konsertlokaler over heile Norge og UK!

I tillegg til deira vanlege show kan dei tilby eit All Disney Jazz Show med kjente og kjære Disney-melodiar coveret i 1920-tallsstil. Våren 2018 var dei dessuten i semifinalen i Norske Talenter på TV2! 

Dei har blitt godt kjent som eit fantastisk liveband som det er umogleg å ikkje like - dette er eit band du bør få med deg!

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: