Sunnmøre kammermusikkfestival

Jonathan Aasgaard. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Jonathan Aasgaard. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Laurdag, 10 september, 2016 klokka 12:00

Sunnmøre kammermusikkfestival legg også i år ein av sine konsertar til Fosnavåg konserthus.

Jonathan Aasgaard (bilete) er fødd i Oslo i 1974 og starta sine studiar med Bjørn Solum ved Barratt-Dues Musikkinstitutt i 1988. Sidan har han studert med Leonard Stehn ved Guildhall School of Music and Drama i London, der han vann alle cello-konkurransene og var finalist i skulen si Gold Medalkonkurranse.

Dei andre musikarane som kjem til Fosnavåg er: Annar Follesø, Miki Aoki, Rachel Roberts og Jan Bjøranger

Program:

- Wagner/Liszt: Elsas brudefølgje frå «Lohengrin»
- Busoni: Fiolinsonate nr. 2
- Haydn: Strykekvartett op 33 nr 2 «Spøken»

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: