Susanne Sundfør

Susanne Sundfør. Fotograf: Sofia Fredrics Sprung
Onsdag, 17 oktober, 2012 klokka 19:30

Susanne Sundfør kjem aleine til Ingebrigt Davik-huset. Det blir ei atmosfærisk oppleving.

Det var med den pianodrevne singelen ”Walls”, introduksjonen av ei unik sangstemme, og ein imponerende by:Larm-konsert i Tromsø i 2006 at det heile starta. Namnet Susanne Sundfør kom for alvor på alle sine lepper, og i mars året etter kom artisten frå Haugesund ut med sitt sjølvtitulerte album i ein alder av 21. Plata nådde tredjeplassen på VG-lista og ga ho Spellemannsprisen i klassa for ”Beste kvinnelige artist”. Sundførs debutsingel kunne ein høyre i samlege radiokanalar landet over, og den enda faktisk opp med å bli den mest spelte låta det året.

Om Susanne Sundførs første album var ein suksess, må oppfølgaren ”The Brothel”, der dystre historier og ramnsvarte skjebnar får utfolde seg, kunne karakteriserast som ei bragd. Å passere 40 000 selde eksemplar av ei plate kvalifiserer til platina, men å gjere dette i Noreg i 2010 kvalifiserer til eit eige kapittel i historiebøkene. Det samme gjer plata sitt åpningsspor, eit seks minutt langt bekmørkt og sorgtungt meisterverk som presterte kunststykket å bli ein radiohit. Lars Horntvedt, mest kjent frå Jaga Jazzist, produserte albumet og tilførte ei mengde elektroniske element slik at den distanserte seg fra debuten, og det påfølgande året kunne Sundfør vel fortent innkassere nok ein Spellemann, denne gang som ”Årets populærkomponist”.

I fjor ga ho ut bestillingsverket ”A Night at Salle Pleyel” digitalt, eit album som ho også framførte på Oslo Jazzfestival same år. Men Susanne Sundfør sitt tredje soloalbum er relativt ferskt. NRK
Lydverket kallar radiosingelen ”White Foxes” enkelt og greitt ”Årets norske låt”. ”The Silicone Veil” kom ut i mars. Det er eit album der ho har skrive og komponert alle låtene sjølv, og arrangert dei saman med allerede nemnte Horntvedt.

Platekompaniet skriv i si omtale av denne plata: ”Sundførs fantastiske stemme viser både sårbarhet og styrke i rikt monn, mens den nærmest overjordiske skjønnheten som preger albumet holdes resolutt i tømme av mørke basslinjer og presise rytmer. Det er vakkert, men kontrollert. Melankolsk, men også foruroligende”.

Og det er nettopp slik det kan bli når Susanne Sundfør gjester Ingebrigt Davik-huset aleine med tangentar og ein stemme med voldsom rekkevidde. Onsdag 17.oktober er det dags for å la seg tiltrekke av det slørete skillet mellom oss mennesker, mellom liv og død. Eller som Sundfør sjølv beskriv sitt siste framstøt: ”Apokalypse, død, kjærleik og snø”.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: