Ta meg til havet

Søndag, 27 oktober, 2013 klokka 18:30

Suksessen som tok Kyst-Noreg med storm, Hanne Krogh og tre tenorar er no klar for Sjøborg kulturhus!

Ei gripande, storslått forestilling, annleis alt anna du har sett. Her blir du dratt inn i dramatiske historier frå ramsalt kystnorsk røyndom. Dei riv i hjartet ditt, men treff samtidig lattermusklane med slagferdigheit og intelligens.

Som sommarshow tok "Ta meg til havet" i fjor Kyst-Noreg med storm. Folk valfarta frå heile Sør-Noreg og alle tidlegare rekordar blei ettertrykkleg smadra. Mange publikummarar såg showet både tre og fire gongar, og anmeldarane frå dei største avisene i landet var begeistra: "Vakkert, variert, annerledes" (Aftenposten), "Supert, musikalsk ønskekonsert, trøkk som et opprørt vestlandshav" (VG).

"Ta meg til havet" er ulikt frå alt anna. Den er aldri dikta, men blitt til gjennom historier og opplevingar til kystfolk det er verdt å lytte til. Det heile krydrast med operaverden sine største arier, amerikanske crooner-songar, musical-perler og storslagen korsong.

Medvirkande: Hanne Krogh
Thomas Ruud, Statsoperaen i Stuttgart. Internasjonal stjernetenor
Marius Roth Christensen, solist Den Norske Opera. Internasjonale hovedroller
Jan Erik Fillan, prisbelønnet tenor med hovedroller på Den Norske Opera
Stein Austrud, kapellmester
Tarjei Nysted, multimusiker
Knut Ingolf Brenna, gitarer
Nils Lund, visuelle effekter

Forestillinga varer ein time og 45 minutt.

Billettar
Billettsalet startar onsdag 13. mars kl 09.00.
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå link), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 460,-
Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: