Teatervekstad: Det blå egget

Det blå egget. Fotokjelde: ID-Huset.
Det blå egget. Fotokjelde: ID-Huset.
Laurdag, 9 april, 2016 klokka 10:00

Saman med teaterpedagog Olla Rypdal inviterer vi til teaterverkstad for barn i alderen 5 til 9 år. Det vert øving på roller og avslutningsvis spelast teaterstykket for publikum/foreldre.

Tidsplan for dagen vert omtrent slik:

Kl 10.00-11.30: Teaterverkstad del 1: Historieinnleiing og rollefordeling
Kl 11.30-12.15: Gratis lunsj for deltakerane
Kl 12.15-13.30: Teaterverkstad del 2: Øving
Kl 13.30-14.00: Pause og førebuing
Kl 14.00-14.30: Framsyning


På teaterverkstaden får barna først høyre heile historia, deretter arbeider vi nokre timar med å dramatisere det heile. Historia inneheld musikk, dans, kostymer – og ulike roller for alle som er med. Det er plass til mellom 40 og 60 barn 

Handlinga er lagt til Kina, og dreiar seg om ei slem og egoistisk fyrstinne med namn Ki Ho Nai. Ho blir rikare og rikare, mens folket hennar blir fattigare og fattigare. Men fyrstinna ber på ein sorg, og ei natt vitjar ho den blå dragen for å be om hjelp… 

Ei ulykkeleg fyrstinne, dragar, heltar og gode hjelparar – alt eit godt eventyr skal innehalde.

Billetter kan kjøpast for kr 150,- per barn. Det inkluderer deltaking på workshop, lunsj og gratis teaterframsyning for foreldra til slutt. 

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: