Teatret Vårt med "Eg visste ikkje du kunne danse"

Foto: Teatret Vårt. Fotograf: Arild Moen
Foto: Teatret Vårt. Fotograf: Arild Moen
Tysdag, 27 oktober, 2015 klokka 19:00

Interaktiv danseframsyning basert på folkemusikk og dans frå Romsdal. 

Folkemusikar Britt Elise Skram og folkedansar Anna Liv S. Gjendem har samla inn musikk og dans frå Romsdal og skapt ei framsyning om å overvinne angsten for å dumme seg ut. Om å komme seg ut på golvet og gleda over å være med i dansen. Dei har motteke Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for å utvikle denne framsyninga som no blir til i samarbeid med Teatret Vårt. 

Dersom veggane i eit samfunnshus kunne fortelje ville vi få historier om flausar og om mot. Om barduse sats og hjertebank og byrjinga på eit heilt liv saman.

Vi gler oss til å by opp til dans i samfunnshuset i din kommune. Premiere 3. oktober Myra kulturhus, Vestnes.

Co-produksjon med Teatret Vårt og Britt Elise Skram og Anna Liv Skjelten Gjendem

Les meir om opplegget på kvar spelestad i opplistinga nedan under. 

  • Dramaturgi og regi:  Elisabet Topp
  • Kunstnerisk konsulent:  Cecilie Lundsholt
  • Musiker:  Britt Elise Skram
  • Danser:  Anna Liv Skjelten Gjendem
  • Lys:  Jonas P. A. Fuglseth
  • Lyd:  Jonas Høgseth

 

 

Stad
Fagerheim
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: