Temakveld - Janne Haaland Matlary og Marit Kaldhol

Janne og Marit. Pressebilder. Kilde: Ålesund kommune, kultur.
Janne og Marit. Pressebilder. Kilde: Ålesund kommune, kultur.
Tysdag, 8 november, 2016 klokka 19:00

Janne Haaland Matlary er statsvitar og professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare vore statssekretær for Krf, men er no medlem av Høgre. Matlary er katolikk og rådgjevar for «Det pavelige råd for rettferdighet og fred» og «Det pavelige råd for familien».

I flyktningkrisa og innvandringspresset som særleg har følgt den tragiske krigen i Syria, har kyrkja stått fram med ideelle standpunkt om gjestfridom, inkludering og grenselaus kjærleik. Men er det utopisk og naivt? Det er desse spørsmåla Haaland Matlary vil drøfte i føredraget sitt.

«Songar ved bålet»

Haaland Matlary sitt føredraget blir ramma inn av utdrag frå Marit Kaldhol sin fortellarkonsert «Songar ved bålet»

Marit Kaldhol har skapt lyriske tekstar som undersøkjer verdiane vi byggjer på. Flyktningproblematikk og situasjonen i verda i dag er mellom tema som ho tar opp. Jøran Hatten (bass) og Bjørnar Myhr (klaver) følgjer tekstane med improvisasjon, balkanmusikk og element frå klassisk musikk.

Stad
Spjelkavik kyrkje
Kommune: