Tenderleaves

Tenderleaves. Fotograf: Alf Solbakken.
Tenderleaves. Fotograf: Alf Solbakken.
Søndag, 25 oktober, 2015 klokka 19:00

Tenderleaves er Geir Kongshaug og Even Øygarden, to låtskriverar/musikerar basert i Kristiansand. Med seg på scena på denne turneen har dei Mads With og Petter S. Tysland. 

Musikken varierar i uttrykk frå folkrock til indie-pop, frå fleirstemde vokalharmoniar, akustiske gitarar, dobro og banjo, influert av amerikansk country og bluegrass samt irsk folkemusikk, til piano og klangende el-gitarar i dynamiske komposisjoner i tradisjonen til alternativ popmusikk og jazz. Ein long setning som kan forkortast til «Tenderleaves er lyden av ein lun innekveld når hausten stormer som verst».

Sørlendingane vert samanlikna med ein masse vidt forskjellige band, men har først og fremst eit eige og særprega uttrykk som neppe kan forvekslast med noko anna. Bandet er nok eit av dei vakrast lydande banda i nyare tid, og ganske sikkert eit av dei mest produktive (med fem album-utgjevingar på omkring fire år). 

Berre det er grunn nok til å glede seg til hausten. Tenderleaves opptrer i ein intim setting i Kulturstua i oktober. 

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: