ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Opera møter jazz! Håkon Kornstad m/band.
Dette er eit rykande fersk prosjekt leia av Håkon Kornstad i lang tid ein av våre mest spennande og nyskapande saksofonistar innanfor jazzsjangeren, men som no også satsar for fullt på klassisk songutdanning ved Operahøgskulen. Saman med Per Zanussi (kontrabass), Øyvind Skarbø (perkusjon) og Sigbjørn Apeland (trøorgel) får publikum oppleve utrulege versjonar av Puccini, Verdi og Bizét som både utfordrar og rører. Bandet er inspirert av 78-platene, der jazz-svisker lever side om side med opera-arier, og vakre ballader blir avløyst av improviserte strekk. Det er ikkje ofte denne klisjeen kan brukast i fullt alvor; dette er musikk du aldri har høyrt maken til. I eit lokale du kanskje aldri har høyrt musikk før
Ingen arrangement funne.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no