Tenorane med ein Horn i sida

Tenorane med eit Horn i sida. Pressefoto.
Tenorane med eit Horn i sida. Pressefoto.
Laurdag, 1 oktober, 2016 klokka 20:00

Tenorane med ein Horn i sida er ei førestelling smekkfull av klassiske perler, sjølvironiske betraktningar, ein slump alvor og store mengder humor. Vakker song blir avløyst av sjølvironisk harselas over eigne divanykker. Ærlege refleksjonar over eigne liv går hand i hand med ville historiar om usannsynleg kjærleik.

Publikum får oppleve vare og kraftfulle tonar, spenstig koreografi, humørfylte sprang og overraskingar.

Regissør og koreograf Tomas Glans har jobba fram showet saman med Tenorane. Andreas Birger Johansen har skreve manus, og Ingrid Bjørnov, Tore Nysæther, Ragnar Hovland, Arnt Birkedal og Per Olav Kaldestad bidrar med tekstar og Teodor Janson har bidratt med regi og koreografi.

Pressa har sagt:

"Dei tre Tenorstemmene var som balsam for sjela, som ren fløte - ubeskrivelig vakkert.”, Namdalsavisa.

"Perfekte entertainere",  Gjengangeren.

“Tenorar i storform”, Kvinnheringen

"Lattermuskler og ører fikk svært god valuta" (Terningkast 5), Halden Arbeiderblad

"Showet er ei perle, underhaldande og ikkje minst nydeleg å høyre på frå start til slutt", Bømlo-Nytt.

"En konsertopplevelse av det sjeldne slaget", Berit Steen arrangementssjef Oseana Kulturhus

”Sangerne og pianisten bød på seg selv, var selvironiske og humoristiske og fremførte vakre sanger mens de kommuniserte og flørtet med publikum" Skriv Stjørdalens Blad.

"Aldri før har me sett denne gjengen finne på så mange ablegøyar som i kveld, og dei gjorde det med stor musikalitet - og i mange forskjellige sjangre med norske tekstar, kjempebra!" Skriv Fitjarposten.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). 

Billettpris kr 300,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: