Tenorane med ein Horn i sida

Tenorane med eit Horn i sida. Pressefoto.
Tenorane med eit Horn i sida. Pressefoto.
Søndag, 2 oktober, 2016 klokka 19:00

TENORANE MED EIN HORN I SIDA er ei førestelling smekkfull av klassiske perler, sjølvironiske betraktningar, ein slump alvor og store mengder humor. Vakker song blir avløyst av sjølvironisk harselas over eigne divanykker. Ærlege refleksjonar over eigne liv går hand i hand med ville historiar om usannsynleg kjærleik. Publikum får oppleve vare og kraftfulle tonar, spenstig koreografi, humørfylte sprang og overraskingar.

Regissør og koreograf Tomas Glans har jobba fram showet saman med Tenorane. Andreas Birger Johansen har skreve manus, og Ingrid Bjørnov, Tore Nysæther, Ragnar Hovland, Arnt Birkedal og Per Olav Kaldestad bidrar med tekstar og Teodor Janson har bidratt med regi og koreografi. 

Pressa har sagt:

"Dei tre Tenorstemmene var som balsam for sjela, som ren fløte - ubeskrivelig vakkert.”, Namdalsavisa. 

"Perfekte entertainere",  Gjengangeren. 

“Tenorar i storform”, Kvinnheringen 

"Lattermuskler og ører fikk svært god valuta" (Terningkast 5), Halden Arbeiderblad 

"Showet er ei perle, underhaldande og ikkje minst nydeleg å høyre på frå start til slutt", Bømlo-Nytt. 

"En konsertopplevelse av det sjeldne slaget", Berit Steen arrangementssjef Oseana Kulturhus 

”Sangerne og pianisten bød på seg selv, var selvironiske og humoristiske og fremførte vakre sanger mens de kommuniserte og flørtet med publikum" Skriv Stjørdalens Blad.

"Aldri før har me sett denne gjengen finne på så mange ablegøyar som i kveld, og dei gjorde det med stor musikalitet - og i mange forskjellige sjangre med norske tekstar, kjempebra!" Skriv Fitjarposten. 

LINK TIL VIDEO-TEASER: https://www.youtube.com/watch?v=ed0uvM-v9FI

www.tenorane.no

 

Billettar får du kjøpt på nettsida vår eller i Kinokiosken. (Opnar 1 time før kino/arrangement og held ope til siste film/arrangement har starta) Du kan også bruke eBillett-appen.

Ynskjer du å reservere billett så kan du ringe til oss på telefonnr. 700 45 500 eller sende ein e-post til post@orstakulturhus.no

Reserverte billettar må hentast innan nokre dagar frå dei er tinga. 

Billettpris kr 300,-

Grupperabatt dersom 10 eller fleire kjøper billett ilag. Pris : 260 kr per billett. 

Ungdom (16-20 år) kan nytte seg av kulturrabatten og kjøpe billett i Kinokiosken til 25% redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: