Til fjells med Strandaquiz`n

Laurdag, 20 september, 2014 klokka 11:00

Stad: Svartevatnet – Roalden – Kulturhuset

Program:
11.00 : Start, tur med innlagte øvingar, Svartevatnet, Langevatnet, Kleivdalsfjellet, Roalden,Roaldspaviljongen.
15–17: Retur gondol frå Roalden.
18.00 : Felles middag Storfjord Kulturhus m/ Strandaquiz.
 
Til fjells med Strandaquiz`n – ei nyskaping i aktivitetstilbodet!
 
Strandaquiz`n i Storfjord Kulturhus, saman med Fjelltrimmen i Stranda Idrottslag inviterer med dette til ein ny aktivitet. I kjølvatnen av «Mesternes mester» håper vi at dette opplegget vil fenge deltakarar til å stille opp på ein fjelltur utanom det vanlege.
Vi håper at vennegjengar, arbeidskollegaer, turkameratar osb. slår seg saman til eit lag på seks personar og melder seg på.
 
Gjennomføring:
«Til fjells med Strandaquiz`n» blir gjennomført som ein middels vanskeleg fjelltur med innlagte øvingar undervegs. Øvingane gir poeng, og tel med i konkurransen om kven som blir totalvinnar når kvelden er slutt. 
NB!  Rema 1000 på Stranda sponsar litt frukt på turen, men deltakarane må ta med eigen drikkeflaske og evt. niste etter behov.
 
Premiering:
Det blir sjølvsagt premie for beste lag. I tillegg vil vi plukke ut enkeltprestasjonar som kan vente seg ei overrasking.
 
Pris: 6 deltakarar per lag. 18 års aldersgrense.
Kr. 400,- per deltakar.
Prisen inkluderer frukt, kaffi og svele på Roaldspaviljongen, billett til gondolen, middag i Storfjord Kulturhus og Strandaquiz.
 
Overnatting:
Stranda Hotel: www.strandahotel.no eller tlf. 70 26 90 00
Stranda Booking www.strandabooking.no
 eller tlf. 45 16 40 00
Kontakt: Leidulf Årvik, tlf. 47 66 73 43 ved evt. spørsmål.
 
Påmelding: Påmeldinga er alt i gang. Vi har plass til 33 lag. «Først til mølla»-prinsippet gjeld.
Skriftleg påmelding på epost til leidulf.aarvik@gmail.com
 
 
Vi tek atterhald om 20 påmelde lag før vi set i gang dette arrangementet. 
Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: