Til Kongo

Tysdag, 25 september, 2012 klokka 19:30:00

Til Kongo er ei framsyning der tre norske skodespelarar prøver å forstå kva som kan få unge norske menn til å sleppe alt og reise på eventyr inn i det mørkaste Afrika. Til Kongo startar i ei klaustrofobisk fengselscelle i Kisangani og belyser tilsynelatande venskapet mellom Tjostolv Moland og Joshua French.

Men dette er kun på overflaten. Det viser seg snart at dei tre skodespelarane er meir interessert i andre karakterar enn dei faktiske personane Moland og French. Dei tre norske skodespelarane leiter etter svar, men viklar seg lenger og lenger inn i eit moderne draumespel der det ikkje fins svar; der det ikkje fins nokon sanning; der det ikkje fins verkelegheit. Det som er igjen er kun fiksjon og draumar. På same måte som kapteinen Marlow i Heart of Darkness trenger lengre og lengre inn i den afrikanske jungel, trenger skodespelarane djupare ned i menneskets ubevisste. Her blir dei utfordra av sine eigne fordommar og fascinasjonar, barbariske tendensar og ekstreme påkjenningar. Framsyninga undersøker kva som skjer når mennesket overskrider sivilisasjonens grenser og gir etter for dei lågare instinkta som aggresjon, hemn og vald.

Dei norske skodespelarane sine eigne historiar blir fletta saman med den symbolske romanfortellinga og publikums fordommar ovanfor det primitive Afrika, så vel som ovanfor dei to dødsdømte nordmenn. Venskapet, eventyret og brytninga mellom helt og anti-helt er berre toppen av eit isfjell. Under ulmar kolonialismen, rasisme, dødsstraff, Afrika, medias forenkling og norsk utenrikspolitikk.

Det er fjorårets Heddapris-vinnar Peer Perez Øian som har regien. Saman med koreograf Ingri Fiksdal garanterar han ei framsyning med eit sterkt fysisk uttrykk. Teksten spenner mellom Joseph Conrads "Heart of Darkness" og nyskreve tekstar av Kristian Lykkeslet Strømskag og ensemblet. Tekstutviklinga er ein sparringsprosess mellom regissør, dramaturg, koreograf og skodespelarane. Rollene vert spelt av Herman Bernhoft som i 2011 mottok Hedda-pris for sin rolle som «Osvald» i Teatret Vårt si oppsetjing av «Gjengangere». Bjørnar Lisether Teigen som har vore tilknytta Teatret Vårt i mange år og Eldar Skar, heimvendt Moldegutt, blir dei to andre eventyrarane.

Av:
Kristian Lykkeslet Strømskag.
Regi: Peer Perez Øian
Lysdesign: Magnus Mikaelsen
Koreografi: Ingri Midgard Fiksdal
Med blant andre: Herman Bernhoft, Bjørnar Lisether Teigen og Eldar Skar

Stad
Teatersal
Adresse
6150
ØRSTA
Kommune: