Tolvtetten med faSong

Tolvtetten og faSong. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
Tolvtetten og faSong. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
Søndag, 13 september, 2015 klokka 17:00

Tolvtetten har invitert koret faSong frå Ørsta/Volda til konsert denne søndagen.

faSong har salmar, gospel, viser og meir jazzorienterte songar på repertoaret. På konserten i Fosnavåg vil dei framføre songar frå konsertprogrammet Berg og båre, eit knippe nordnorske songar. Musikalsk leiar er Gaute Øvereng. Musikalsk leiar for Tolvtetten er Unni Kvamme. Tolvtetten har i meir enn 30 år vore ein viktig del av det musikalske miljøet i Herøy. Dei har også samarbeidd med Brass Bros, Beate Lech, Vazelina Bilopphøggers i tillegg til lokale prosjekt. Kora vil ha kvar sine avdelingar i tillegg til innslag av mindre grupper, solistar og musikalske overraskingar. Begge kor har med eigne orkester. 

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: