Tolvtetten & Mixmasters

Storbandet Mixmasters. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Storbandet Mixmasters. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Søndag, 19 oktober, 2014 klokka 18:00

Denne kvelden blir det høg stemning med det veltrimma koret Tolvtetten frå Herøy saman med det legendariske storbandet Mixmasters under leiing av Ketil Rasmussen. 

Mixmasters er mest kjend for sitt tette samarbeid for ein del år sidan med legendariske Norman Laiden, arrangøren og dirigenten for Glenn Millers orchestra som herja hitlistene på 40-talet. Etter ein lang pause har dei no pusta liv i horna og lagt ut på ein liten helgeturne som endar opp i Ørsta. På denne konserten blir også Oddbjørn Blindheim med som pianist.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: