Tolvtetten og Sonja Remmen Aln

Søndag, 16 september, 2012 klokka 20:30

Koret Tolvtetten frå Herøy, er godt kjende i distriktet for sin flotte klang og musikalske formidling. Dei har eit allsidig reportoar, og har tidlegare samarbeida med Ytre Suløen, Brazz Bros og Vazelina Bilopphøggers m.fl.

Sonja Remmen Alnes, er soloartist, busett på Godøya. Ho syng sopran i SKRUK, og har holdt mange eigne konsertar i heimkommuna. No reiser ho rundt i distriktet og samarbeider med lokale kor.

Ho ga ut sin første CD ”Songbird” i desember -11.

I konserten som dei gjer saman på Søre Sunnmøre denne helga, er reportoaret henta frå mange ulike sjangrar: salmer, klassisk, klassisk pop, viser, country og Sonja sine eigne songer.

Eit gjennomgåande trekk, er at tekstane handlar om håp. Lokalavisa i Giske brukte overskrifta ”Ein håpefull konsert” i sin omtale av konserten, som ho holdt i Vigra Kyrkje, i mars.

De får høyre Tolvtetten og Sonja, både i kvar sine avdelinger, og i saman. Det blir duettar saman med Bjørn Holum, som syng både i Tolvtetten og i SKRUK.

Stad
Ulstein kyrkje
6065
Ulsteinvik
Kommune: