Tommy Steine - "Latterlig livredd"

Latterlig Livredd. Plakat.
Latterlig Livredd. Plakat.
Laurdag, 8 november, 2014 klokka 19:30

I Tommy Steine sitt show LATTERLIG LIVREDD kombinerer han alle sine talent som komikar, songar og artist. Showet som er hans mest personlege har begeistra både publikum og anmeldarar.

LATTERLIG LIVREDD er eit show som imponerer og som lokkar fram gapskrattane – men er også eit show til ettertanke. Kvifor opplever vi menneske frykt? Korleis oppfører vi oss når frykta tek oss? Og kva bør vi gjere for å overvinne denne? Tommy Steine brukar mykje av eigne erfaringar, og utleverer eigne tabbar når han lovar publikum at deira forhold til redsle ikkje blir det same, etter å ha opplevd dette showet.

VG sin anmelder let seg  imponere over Tommy sitt solo-comeback og ga terningkast 5 og ein topp anmeldelse! I ein endå bedre anmeldelse skriv Romerikes Blad at med dette er Tommy Steine for alvor tilbake på scenen, der han høyrer heime – terningkastet deira vart ein seksar! Begeistringa stoppar ikkje her – Dagbladet innleiar sin anmeldelse med å konkludere at LIVREDD er Tommy Steine sitt mest personlige og best førebudde show til no, og oppsummerar det heile med; Solid frå Steine!

I showet møter vi også multitalentet Maria Mohn – som for dei fleste er mest kjent som finalist i Idol. Maria er av mange sett på som Ingrid Bjørnovs arvtakar. VG sin anmelder omtalar henne som fabelaktig.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: