Torbjørn Dyrud

Torbjørn Dyrud. Pressebilete.
Torbjørn Dyrud. Pressebilete.
Tysdag, 4 mars, 2014 klokka 19:00

Herøy kulturhus er så heldige å få besøk av ein allsidig musikar og komponist denne kvelden. Torbjørn Dyrud sin musikk og virke viser at han har brei interesse for ulike uttrykk. Han er utdanna kyrkjemusikar, komponist og kordirigent, men har dei siste åra arbeidd med eigne visar på totning.

"Detti er heme", hans første plate med songar om det gode, det alvorlege, det artige og det fine, utgitt på GRAPPA våren 2013 fekk tre gonger terningkast 5! Han har tidlegere gitt ut "Quietly to the Fields" og "Alabaster Box Liturgy" med henholdsvis piano- og orgelimprovisasjonar. Han har skreve pasjonsmusikk til Nidaros Domkor og hans kormusikk blir ofte framført rundt omkring i verda. Han er dessutan stolt medlem av Urbane Totninger som sidan oppstarten i 2007 har vokst til å bli landets største sommarshow med over 25 000 besøkande sommaren 2012.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: