Tord Gustavsen og Simin Tander

Tord Gustavsen og Simin Tander. Pressebilete.
Tord Gustavsen og Simin Tander. Pressebilete.
Tysdag, 12 april, 2016 klokka 19:30

I januar 2016 kjem Tord Gustavsen med plata What Was Said på ECM. Saman med songar Simin Tander og trommeslagar Jarle Vespestad nytolkar og utfordrar han gamle norske salmar i ein andeleg og fri dialog. Afghansk-tyske Tander har med hjelp av poeten B. Hamsaaya oversett eit utval salmetekster til det uutgrunnelege vakre afghanske språket pashto. I dei nye komposisjonane har Gustavsen lete seg inspirere av sufi-poesi.

Tord Gustavsen har tidlegare samarbeidd med songarar som Solveig Slettahjell, Masha Vahdat, Kristin Asbjørnsen og Synne Sanden. Det nye albumet er ei naturleg vidareføring desse prosjekta, samt dei fine trio- og kvartettalbuma hans. Samstundes vert dette fyrste gong han tek i bruk subtile elektroniske element i tillegg til det fantastiske akustiske flygelspelet han er kjend for.

Simin Tander – vokal

Jarle Vespestad – trommer

Tord Gustavsen – piano og elektronikk

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: