Torsdagkveld med Atle Pettersen og vener

Atle Pettersen. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Atle Pettersen. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Torsdag, 9 juni, 2016 klokka 19:00

Torsdagskvelden under Smak av Ulstein får Sjøborg kulturhus besøk av ingen ringare enn Atle Pettersen.

Dette blir ein konsert med lokale ungdomar, proffe musikarar og der Atle Pettersen med sjarm og publikumsappell har rolla som programleiar og solist.

Atle Pettersen er i dese dagar programleiar for Beat for Beat og er i full gang med oppkøyringa til musikalen «Singin’ in the rain» på Folketeatret, saman med fjorårets konferansier Stian Blipp.

Atle Pettersen har gjort stor suksess i ulike samanhengar, og har både utstråling og sjarme i massevis.

Songstemma er det heller ikkje noko i vegen med, noko mange fekk oppleve på Sjøborg då har var gjest med Ulstein storband .

Bandet som skal backe dei lokale songarane er nokre av norges fremste musikarar. I bandet finn vi Lars Erik Dahle - bass, Frode Mangen – keyboards, Espen Mangen – trommer og Markus Lillehaug Johnsen – gitar.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Det vert også billettsal i døra. 

Billettpris 
Voksne kr 240,-
Born (under 16 år) kr 180,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: