Torsdagskonsert på Kunsmuseet KUBE: Bozza på nynorsk

Annelise Ringsby og gitarist Sindre Sortland. Pressebilete.
Torsdag, 25 april, 2013 klokka 19:00

 

Duoen A MAR med sanger Annelise Ringsby og gitarist Sindre Sortland har denne vinteren sluppet sitt debutalbum “Byger&Bølger”.

Dei har gjendikta ei rekke til dels veldig kjende låtar frå portugisisk til nynorsk, og dei har fått veldig fin respons frå eit breitt publikum, både på oversettarkonferanse, bar/kafé og jazzklubb. Songane har fått attende brodden dei opphaveleg hadde, no som teksten er forståeleg for nordmenn flest, og slik blir Corcovado til Fjella i det Fjerne og Desafinado til Tonedøv. I tillegg har songane fått ein litt sterkare saltsmak av vestlandskysten.

Konsert i samarbeid med Ålesund Strykekvartett som også vil bidra med brasilianske Heitor Villa-Lobos 5.strykekvartett.

Billett kr 150

Vi åpner dørene til museet og utstillingene kl 19.00
Konsertene starter kl 19.30

Velkommen!
Konsertrekken støttes av Stiftelsen Kjell Holm

 

Stad
Kunstmuseet KUBE
Kommune: