Torsdagskveld med Stian Blipp

Stian Blipp. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Stian Blipp. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Torsdag, 11 juni, 2015 klokka 19:30

Torsdagskvelden under Smak av Ulstein får Sjøborg besøk av ingen ringare enn Stian Blipp. Dette blir ein kveld med mykje humor, song og dans, der Stian Blipp med sin sjarm og publikumsappell har rolla som entertainer og programleiar.

Stian har stått på scena sidan han var 12 år gamal, i teateret, i musikaler og stand-up. Det siste året har vi lært Stian Blipp å kjenne både som programleiar i TV2 sine suksessprogram "Idol" og "Mitt danse-crew", og publikum får nok beat-boxing og heftige danseinnslag, når Blipp kjem på scena på Sjøborg.

Dei musikalske innslaga på scena denne kvelden vil unge song- og dansetalent frå Ulstein stå for. Her får vi høyre mange talentfulle songarar, godt backa av nokre av norges fremste musikarar. I bandet finn vi Lars Erik Dahle - bass, Frode Mangen - keyboards, Espen Mangen - trommer og Markus Lillehagen Johnsen - gitar. I tillegg har nokre av kulturskulen sine ivrigaste dansararar, sett saman eit dansecrew for kvelden, og utfordrar kanskje Blipp til ein aldri så liten danseduell.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 240,-
Born (opp til 16 år) kr 120,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: