Toto-vokalist Joseph Williams med band

Joseph Williams. Pressefoto.
Fredag, 19 april, 2013 klokka 21:00

Fredag 19. april er det klart for ein unik konsert med TOTO-vokalist, Joseph Williams og eit handplukka band med norske og svenske musikarar.

Joseph Williams er nok mest kjend frå supergruppa TOTO, men har også ei solokarriere med fleire album på samvittigheita. Williams var vokalist i TOTO på midten av 80-talet, med albuma «Fahrenheit» og «The seventh one». I 2010 samla Steve Lukather TOTO på nytt, og sidan det har Joseph Williams igjen vore bandet sin faste vokalist.

I tillegg til ein del av TOTO sine største hits (Hold the Line, Pamela, Stop Loving You m.fl.) får vi høyre Williams sin eigne songar, som er såkalla «westcaost» - musikk, frå vestkysten av USA/ Los Angeles.
Sjøborg kulturhus er siste stopp på turneen, med seks konsertar i Japan og fire i Norge/Sverige, før Willliams gjer seg i kast med TOTO sin sommarturne i Europa.
I tillegg til Williams blir bandet i seg sjølv ei musikalsk oppleving. Bandet består av:
Peter Friestedt (gitar), Stefan Gunnarsson (keys), Lars-Erik Dahle (bass), Frode Østang Mangen (keys), Espen Østang Mangen og gjesteartist/support Ole Børud

Smakebitar frå TOTO 1988 (m/ Joseph Williams)
I can’t stop loving you
Pamela
Joseph Williams – Solo:
Never let you go

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 300,-
Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.
Billettar i sal frå fredag 8. mars kl 12.00.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.