TraktorJul med Gråtass og gjengen

TraktorJul med Gråtass og gjengen. Pressefoto.
TraktorJul med Gråtass og gjengen. Pressefoto.
Onsdag, 25 november, 2015 klokka 18:00

I denne framsyninga er alle med. Grynet, Goggen, Gamlefar og begge skurkane. Det er duka for spenning, forviklingar, humor, varme og den same gode julestemninga som har trukket publikum til kulturhusa i alle desse åra.

Det er jul på garden til Gråtass og vennene hans, og det skal som vanleg ryddast og pyntast. Det er Goggen sin tur til å bake, noko han gler seg veldig til, men som bekymrer Gamlefar og Grynet litt.

Gråtass skal vere nissetraktor på årets julemarked og alle må hjelpe til for å lage eit fint nissekostyme til han.

Goggen er heilt sikker på at julenissen kjem, og nissen kjem, og ikkje berre ein. Det kjem ein nisse til… og ein til… og til slutt eit reinsdyr, noko som gjer alle på garden forvirra. Gråtass syns at to av nissane er litt møkkete, og har oljeflekkar på kleda og at reinsdyret ikkje oppfører seg sånn som reinsdyr skal.

Gråtass må ordne opp!

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: