Trebaatfestivalen: Tre Busserulls

Tre Busserulls. Pressefoto.
Tre Busserulls. Pressefoto.
Laurdag, 15 august, 2015 klokka 20:00

I år skal 3 Busserulls, eller "Noregs eldste boyband", som dei gjerne kallar seg,  underhalde i festivaltelet på laurdagskvelden under Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Dei gjorde dei også i 2010.

-Det var fantastisk førre gang vi var med på Trebåfestivalen. Folket var heilt med under showet – dei lo og hadde det gøy, dei let vel og for oss alle var det ei kjempeoppleving, seier Gunnar Andersen, eit av tre medlem i visesangtrioen 3 Busserulls, også kjend som Busserulls.

-Når vi kjem på scena i Ulsteinvik i august, skal publikum få oppleve musikalsk underhaldning, med ei blanding av moderne stand-up og bygdarevy. Det vert sjølvsagt allsong når vi dreg i gong kjende refreng, og skulle det dukke opp nokre medlem frå Busserull sin fanklubben «Mamelukkene», som er damer i tunikaalderen, set vi gjerne igjen ein autograf! Det er berre å ta på seg dei flottaste mamelukkane de har, oppmodar han den kvinnelege delen av pulikum til Trebaatfestivalen.

3 Busserulls er ein visesongtrio  med Gunnar AndersenJostein Hveding og Kurt Johansen, alle frå revymiljøet i Nord-Rogaland. Gruppa starta allereie i 1962, og har gjennom åra skifta medlem fleire gonger. Dei har ikkje vore like aktive kvart år, men har gitt ut ei rekkje album, med kjende slagerar som «Øl, øl og mere øl», «Plommer i Hardanger», «Honolulu» og «16 da’r på plattform». Sistnemnde seier litt ekstra om trioen – som har følgt kystkulturen i alle år, og har eit maritimt preg på mykje av innhaldet i showet sitt. Dei har mellom anna bak seg minst 200 konsertar på olje-plattformer. Men no skal dei altså til Trebaatfestivalen, og det gler dei seg til.

- Vi vil i alle fall by på vårt politisk ukorrekte univers når vi kjem til Trebaatfestivalen,  og også  bøttevis av sjølvironi. Vi kallar oss forresten Noregs eldste boyband, for veit du kva, til eldre vi blir, til mindre sjølvhøgtidlege blir vi. Og forresten - førre gang regna det når vi var i Ulsteinvik, i år satsar vi på sol!

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, trykk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 280,-

Husk å printe billetten før arrangementet. Har du ikkje eigen printer, kan du printe den i Servicetorget eller i Kinokiosken.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: