A Tribute to Earth, Wind & Fire med Haram Fusion Factory

Ole Børud, ein av dei beste vokalistane i landet, er solist. Fotokjelde: Westcoast AOR Music
Fredag, 8 mars, 2013 klokka 21:00

Haram Fusion Factory feirer 10 årsjubileum med drøymeprosjektet sitt. Eit utval av Earth, Wind and Fire sine beste låter, vokalgruppe, ekstra stort storband og ein av Norges desidert beste vokalister, Ole Børud, som solist.

Det berre MÅ bli bra! Eckhard Baur, HFF sin eminente kapellmester, har fått spesiell tillatelse til å arrangere E,W&F låter for denne besetninga og prosjektet har berre vore framført ein gong tidlegare. Ein av HFF sine beste venar, Frank Brodahl, er også med når dei skal feire 10 år. Denne gongen i bandet på leadtrompet. Gled deg til å høyre September, Boogie Wonderland, Getaway, Serpentine Fire.... Årets mest funky produksjon? Ja, det føler vi oss trygge på! Dette vil du ikkje gå glipp av!

Turnéen starter på Gomerhuset!

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: