Turandot av Puccini

Turid Karlsen. Foto: Anne Wik Larssen.
Turid Karlsen. Foto: Anne Wik Larssen.
Søndag, 23 mars, 2014 klokka 16:00

Helga 21.-23. mars reiser Opera Nordfjord på ein miniturné med tre forestillingar av operaen Turandot av Puccini i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid fredag 21. mars, i Førdehuset i Førde laurdag 22. mars og på Sjøborg i Ulsteinvik søndag 23. mars. For første gong skal Opera Nordfjord lage ei regissert konsertforestilling, der 8 solistar spelar ut handlinga i vakre kostyme, og koret vert i konsertformasjon, men i aller høgste grad deltakande.

Solistlaget er samansett av solistar av både internasjonalt og nasjonalt format. Turid Karlsen er busett i Berlin og skal synge rolla som sjølvaste Turandot. Richard Fracker, som skal synge rolla som Calaf, har vitja Opera Nordfjord fleire gongar tidlegare og har mellom anna sunge den kjende tenorarien Nessun dorma frå Turandot på to operagallaturnéar. I 2003 song han rolla som Mario Cavaradossi i Tosca med Opera Nordfjord. Trond Halstein Moe er kjend for vårt publikum både som solist på konsertturné i 2012 og som Sharpless i Madama Butterfly. No skal han synge rolla som Timur. Den unge sopranen Anne Wiik Larssen skal tolke rolla som den vakre prinsesse Liu, og dei muntre ministrane Ping, Pong og Pang vert sunge av Jan Erik Fillan, Trond Gudevold og Aleksander Mork.

Regien vert ved Ronald Rørvik, og dirigent er Michael Pavelich. Vakre kostyme vert utlånt frå Opera Østfold, som sette opp Turandot i 2009. Koret på ca. 60-70 songarar er samansett av Opera Nordfjord sitt eige operakor og Ålesund Operakor, som har gjesta Opera Nordfjord ved fleire høve.

Handlinga er henta frå det gamle Peking, der den iskalde prinsessa Turandot, tek i mot friarar, som prøver å løyse tre gåter for å vinne hennar hjarte. Ingen kan løyse gåtene og alle vert drepne, heilt til prins Calaf dukkar opp og forelskar seg i Turandot og bestemmer seg for å fri til henne…

Billettsalet startar torsdag 12. desember kl 09.00.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 390,-
Born, ungdom og studentar kr 185,-


Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: