Turnéavslutning Norvald Dahl Trio med Jon Irabagon

Norvald Dahl Trio. Pressebilde.
Torsdag, 4 februar, 2016 klokka 20:00

- Hardtsvingande jazz! "New York møter Vestlandet".

Pianist og Herøyvering Norvald Dahl tek med seg heim eminente musikarar frå Bergen så vel som frå jazzscena i New York. Dette orkesteret legg no ut på sin tredje norgesturné. Dei vitja Sunnmøre sist i 2013 der dei spelte for eit begeistra publikum. Jon Irabagon, frå Chicago, er busett i New York og er ein av verdas fremste saksofonistar! Han har fått fleire utmerkelsar og turnerar no verda rundt med mange profilerte artistar. Bassist Alexander Grieg og trommeslagar Nils Are Drønen har lang fartstid som profesjonelle musikarar, og er begge virtouse på instrumenta sine. Alle medlemmane i bandet skriv musikk, og vi får høyre spennande komposisjonar så vel som improvisasjonar rundt kjendte melodiar frå det amerikanske jazz-repertoiret. Norvald Dahl trio m/Jon Irabagon gler seg til å spele i Ålesund for fyrste gong, og vi håper dette blir ei virkelig oppleving for både jazzinteresserte og andre musikkelskande.
Vi håper dere kan komme å nyte fin musikk og god stemmning hos oss denne dagen.

Biletter kan kjøpes på Tikkio med eller uten tapas, eller i døra så langt det er plass til det:)

Stad
Søstrene Fryd
Kommune: 
Kategori: