Tusvik & Tønne - skammer seg!

Tusvik & Tønne. Pressefoto.
Tusvik & Tønne. Pressefoto.
Fredag, 27 januar, 2017 klokka 21:00

Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne er to altfor frittalande komikarar som blant anna står bak ei av landet sine aller mest populære podcastar «Tusvik & Tønne».

Skam er i skuddet som aldri før og i framsyninga "Skammer seg" har Tusvik & Tønne fått lov til å tøme seg til sin eigen menighet, Phungfolket, si store begeistring.

No har dei også fått frie tøylar til å lage eit spektakulært show tilpassa kulturhus, eit show som handlar om alt dei skammar seg over og ting ein ikkje bør skamme seg over. Framsyninga hadde premiere på Latter, Aker Brygge og selde ca. 20.000 billettar i løpet av over 50 framsyningar der.

BEFRIENDE LATTER OG FLAU VANTRO?– DAGBLADET

NB: Aldersgrense 18 år. Yngre enn 18 kan sjå framsyninga i følgje med ein vaksen.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: