Tverrkyrkjeleg Lovsongskveld

Lovsongskveld 3. november, Tverrkyrkjeleg, Lovsongskveld, Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik, Quality Hotel Ulstein, Per-Erik Hallin, Gospeltrain, Gospel, Lovsong, Jesus, Worship, Tilbedelse, Tilbeding, Bønn, Bøn, Per-Erik Hallin (Fotograf: Marcus Bjärneroth).
Søndag, 3 november, 2013 klokka 18:00

Tverrkyrkjeleg Lovsongskveld, med Per-Erik Hallin, den 3. november, på Sjøborg kulturhus (Quality Hotel Ulstein).

Lovsongskveld med Per-Erik Hallin 3. november.
 
Vinylen snurra og folket song med – det var mot slutten av 80-talet, og «Better late than never»-albumet hadde nettopp blitt slept av den eminente svenske pianisten og vokalisten Per-Erik Hallin. For ein «sound», musikalitet og profesjonalitet, og for nokre lekre songar!!
Enkelte lokale amatør-pianistar øvde seg nesten såre på «Gospeltrain»-introen, og for nokre få satt den til slutt. Songane hans vart allemannseige i dei ulike Tensing og ungdomskora rundt om på Sunnmøre.
 

Per-Erik Hallin og Elvis

Per-Erik Hallin – kven er han? Han starta si karriere i Las Vegas. Han fekk eventyrlig nok vere med på innspelingar med Elvis i 1973. Nokre av dei beste minna hans var å sitje og spele medan Elvis lente seg over pianoet og song gospel etter konsertane. Bandet Hallin spelte i, var oppvarmingsband på ein av Elvis sine turnear. Fotograf på bilder av Per-Erik Hallin: Marcus Bjärneroth
 

Grand Prix, Carola og Donald Duck

Etter at han vende attende til Sverige, har han vorte ein kjær og elska artist. Han var med i Melodi Grand Prix i 1984 og 1985, men er kanskje mest kjent innan kristen musikk og gospel. Mange kjenner Per Erik frå Skjærgårdssang, Skjærgårdsgospel, kyrkjeturneen med Carola og andre turnèar rundt i Norge.

Det har lenge vore snakk om Per-Erik Hallin bak kulissane. Om ei ny plate. Om mange nye låtar. Men på trass av få eigne utgivelsar (den siste i 2005: "I de levandes land",), har han teke del som medverkande artist i ei rekke produksjonar.
 
Våren 2008 var han den lysande stjerna på Royal Musics jubileumsturnè i Sverige, men utanom dette gjer han kun eit fåtal konsertar i året. Ein kuriositet er at han faktisk er den offisielle filmstemma på den svenske versjonen av Donald Duck.
 

Sa «ja, gjerne» til å vere med på lovsongskveld

Då han vart spurd om å delta på Lovsongskvelden, svarte han at dette var noko han gjerne ville vere med på. Vi i arrangements-komiteen vart utrulig glade, og sjølv om tida er knapp til øving og organisering, så skal vi gjere alt vi kan for at det skal bli ein spennande og innhaldsrik kveld.

Det kjente lovsongskveld-konseptet skal framleis vere ei slags ramme rundt denne kvelden. Det skal bli rikt høve til å vere med å synge og tilbe – det er jo heile poenget med lovsongskveldane!

Det vert eit nøye utplukka repertoar, både av norske og engelske tekstar, variert mellom kjende salmar og lovsongar, samt nokre nyare låtar. Ein greier ikkje å fengje alle aldrar og forventningar på ein kveld, så difor forsøkjer vi å variere litt mellom lovsongskveldane, både på musikkstil og songutval. 

Samtidig vil vi gi Per-Erik rikelig med tid til å formidle det han har på hjertet, både med musikk og refleksjonar. Det blir såleis ikkje eit «Ord for kvelden» denne gongen, for vi trur at Per-Erik og andre kjem til å fylle kvelden med åndelig innhald på ein litt annan måte.
 

Gratis inngong!
 

Lovsongsbandet leia av kapellmester Geir Knotten, og det tverrkyrkjelege LK-koret blir med som alltid, og skal ha si eiga avdeling, samt delta på nokre av Hallin sine songar. Monica Goksøyr og Rolv Magne Tømte med fleire deltek vokalt.

Dette kan du vel ikkje gå glipp av? Ta med familien og kom. Vi tek sjansen og tilbyr gratis inngong (utrulig nok!), men lit på å dekke alle kostnadane gjennom kollekta.

Alle er hjerteleg velkomne!

- Komiteen for den Tverrkyrkjelege Lovsongskvelden -

Stad
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.