Uhørt: The Challenge

Uhørt 2016. Fotokjelde: ID-huset.
Uhørt 2016. Fotokjelde: ID-huset.
Søndag, 4 september, 2016 klokka 19:00

UHØRT har bede publikum om å foreslå låtane på set-lista til sin neste konsert. Veldig mange kasta ønskelåtane sine i brønnen, og 4. september vert han tømt for innhald. 

Kjem låta di med på repertoaret, eller drukna ho i grumsete gjørmevatn av andre halvt-i-hjelspelte 80-talsslagarar, loslitte puddelrockarar og hjarteskjerande balladar? 

Ungdommane i vokalgruppa UHØRT framfører dei utvalde nummera sydd saman av eigenkomponert dansekoreografi og ein god dose humor. Skaff deg billettar til ein nymoderne ønskekonsertno!

Foto: Jonas Driveklepp.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: