UHØRT A night before christmas med Venke Knutson

Laurdag, 1 desember, 2012 klokka 19:00

Den relativt ferske vokalgruppa Uhørt har eksistert i eit drøyt år når dei held konsert same dag som vi opnar første luke i julekalenderen.

Uhørt blei starta av dirigent/coach Turid Skjelten i oktober i fjor og er satt saman av ungdommar i alderen 13 til 21 år frå store deler av Haram kommune. Uhørt er ikkje eit tradisjonelt kor, deira idol er blant anna GLEE-koret, kjent frå tv, noko som betyr at dei legg stor vekt på regi og koreografi, samt at dei backast opp av levande musikk.

Den glade gjengen hadde allereie i april sin første offentlege framføring, en koreografisterk songframsyning på Ingebrigt Davik-huset. For denne hausta dei lovord og heiderleg omtale i Haramsnytt som blant anna skreiv:
”I eit inferno av kor og modige solistar, dans og kreativ koreografi, stod 15 ungdomar og gav alt for eit begeistra og stolt publikum”.

Av repertoaret skal vi ikkje avsløre noko, verken låttitlar eller artistar, men kan nemne at det blir ei liberal blanding av moderne pop- og rockelåtar. Det blir små gløtt bakover i tid og ein og annan juleklassikar blir innlemma.

Billettpriser for voksne over 20 år, og barnebillett for alle under 20 år.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: