#UHØRT#SUMMER#ROCKATION#

UHØRT. Pressebilete. Fotokjelde: ID Huset
Torsdag, 20 juni, 2013 klokka 20:30

Vokalgruppa UHØRT blei etablert oktober 2011. Den er samansett av 16 ungdomar i alderen 13 til ca. 20 år, frå heile Haram kommune. Gruppa satsar igjen, nå med sin tredje konsert.

Denne gangen blir det fullt trøkk og vi får sjå ein tøffare utgåve av gruppa. Temaet er: Rockation. UHØRT seier det skal bli ei feiring av musikk, sommar og ferie.

I Ingebrigt Davik-huset sin storsal har gruppa sine 16 unge sangara med seg eit habilt backingband samansett av Bjørn Skjelten (trommer), Kjetil Hjelle (bass), Ketil Strand (gitar) og Ivar Holsvik (piano).

Konserten kjem til å bli ein musikalsk og koreografisk oppleving i kjent UHØRT stil! Sist konsert blei utselt, sørg for å kjøpe deg billettar i god tid.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: