UKM lokalmønstring - 30 år

UKM. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
UKM. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 4 februar, 2017 klokka 15:00

UKM feirar 30 år og legg jubileums-mønstringa til Fosnavåg konserthus.

UKM har gjennom åra vore med på å vise fram ei lang rekke ungdomar som driv med kultur av mange slag. Det bruker å vere mykje scenekunst med song, dans og ulike instrument, solistar og unge i samspel. Men dei seinare åra har det også vorte meir av visuell kunst; foto, film og maleri, men det har også vore stilt ut slikt som kjolar og installasjonar. Dette er plassen der ein kan få lov til å vise kva ein styrer med. 

Har du lyst å melde deg på som deltakar kan du lese meir om det og melde deg på her: http://ukm.no/pl4533/

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: