Ulstein storband: Chicago Night

Ulstein Storband. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Ulstein Storband. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Laurdag, 11 juni, 2016 klokka 21:00

«Chicago Night», Ulstein Storband hyllar popgruppa Chicago på Sjøborg  Kulturhus laurdag 11. Juni

Ulstein Storband med vokalistane Guro Håvik og Knut Arve Eilefsen inviterer vi til stor konsertoppleving med musikken frå bandet Chicago si fantastiske historie.

Vokalistane er to godt kjende voldingar som fortida jobba saman i bandet Broadline. Dei har kvar for seg ei lang karriere bak seg i forskjellige band. Knut har songe i Woodleg Odd, Bokkereidars Bluesband og vore med på The Voice.

Chicago er eit rockeband starta i 1967 i Chicago, Illinois. Bandet byrja som eit politisk ladda eksperimentelt rockeband, men fekk seinare eit mjukare lyd utrykk og vart berømde for ei rekkje hit-balladar.  Bandet ble formet da en gruppe musikkstudenter fra DePaul University begynte å spille sammen. Dei er kjende for ei veldig god blåserekke som er en del av deira signatur. Dei hadde ein jamn straum av hit-låtar gjennom 1970, -80 og -90 åra. Berre slått av Beach Boys, reknast Chicago som ei av USAs lengst varande og mest suksessrike pop/rock-grupper. Bandet er fullt oppegåande i dag, 39 år etter oppstarten !

Låtar som «If You Leave me now», «Hard to say I`m sorry» og «Saturday in the park» vil passe godt i ein setting der publikum vil senke skuldrane og berre nyte musikken frå 70-80 talet, før bandet smeller til med heftige saker som «Stay the Night», «Caravan», «Hard habit to breake» og andre «godsaker».

Storbandet består av dyktige musikarar frå Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Volda og med sin sprudlande instruktør Øyvind Granden Berg i spissen.

Ulstein Storband har vore i kontinuerleg drift sidan bandet vart starta i 1982,  og er eit av dei lengst samanhengande drivne storbanda i heile landet. Eit tradisjonelt storband består av 5 saksofonar, 4 trompetar, 4 tromboner, samt gitar, bass, trommer og piano. Sidan starten i 1982 har det  vore eit storband for heile regionen med medlemmar fortrinnsvis frå ytre søre.

Ulstein Storband er godt i gang med innstuderinga av denne herlege Chicago-musikken. Arrangementa av låtane vi brukar er særs gode, og no når vi har byrja å øve på låtane med vokalist tilstade, ser vi at dette vert særs bra! Vi i Ulstein Storband gler oss veldig til å framføre denne musikken for publikum. Vi skal verkeleg legge oss selen og gje ein skikkeleg «Chicago Night» konsert!

 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 320,-
Born (opptil 16 år) kr 90,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: