Ulstein Storband med Tor Endre

Tor Endresen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Tor Endresen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 13 juni, 2015 klokka 19:00

Endelig har vi fått tak i Tor Endresen til å synge med Ulstein Storband. Han er ein av dei verkelig folkekjære underholdningsartistane i Noreg. Vi kjenner han frå ei lang rekkje med underholdningsprogram og innslag, Lollipop, Norsktoppen, Gran Prix, Beat for beat, Kjempesjansen, for å nemne nokre.

Han syng nesten kva det skal være, og han syng det godt. Vi ser og høyrer han som regel syngje dei flotte låtane, som kling godt og gir godfølelsen. Og akkurat det skal Tor Endresen gjere saman med Ulstein Storband. Vi har plukka ut ei perlerekke med låtar og inkluderar nokre av signaturlåtane til Tor. Det blir rocka låtar, vi er innom swing og det blir sjølvsagt pop!

Vi i Ulstein Storband gler oss veldig til å få Tor Endresen på besøk. Vi er godt i gang med innstuderinga av låtane og ser dette blir ein god konsert med mykje god underhaldande musikk.

Vi ynskjer dykk velkomne til skikkelig god underhaldning.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 300,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: