Ulstein Storband og Atle Pettersen

Atle Pettersen. Pressebilete.
Atle Pettersen. Pressebilete.
Laurdag, 14 juni, 2014 klokka 19:00

I samband med «Smak av Ulstein» skal Ulstein Storband og Atle Pettersen bl.a. kjend frå «Stjernekamp», «Skal vi danse», og «X-Faktor», ha konsert på Sjøborg.

Her blir det musikk i fleire sjangrar, Rock, Jazz, Funk og Blues.

Atle Pettersen har gjennom hausten 2013 vist seg frå mange ulike sider. I Stjernekamp, vart han raskt populær hos både dommarar og TV-sjåarar. No er han igjen aktuell, denne gong med Beatlesmusikalen «It Was Fifty Years Ago Today», som hadde premiere i Oslo i november 2013 . Og som om ikkje det var nok, er Atle også ute med den nye singlen «Make Them Wait». Låta er ei utprega og fengande poplåt, ein sjanger som Atle definitivt hører heime i.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 300,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettsalet startar torsdag 27. mars kl 09.00.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: