Utstilling av Monica Vermeer hos EogE

Alle rettigheter Monica Vermeer. Kilde: Galleri EogE
Alle rettigheter Monica Vermeer. Kilde: Galleri EogE
Laurdag, 6 april, 2013 klokka 10:00-16:30
Måndag, 8 april, 2013 klokka 10:00-16:30
Tysdag, 9 april, 2013 klokka 10:00-16:30
Onsdag, 10 april, 2013 klokka 10:00-16:30
Torsdag, 11 april, 2013 klokka 10:00-18:00
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Monica Vermeer er ny gjesteutstillar i minigalleriet til EogE i Fosnavåg, med opning 6. april. Monica Vermeer er ein kunstnar frå Nederland som malar flest natur- og andre formar i sterke fargar, i både olje- og acrylmaling.

 

I maleria prøver ho å vise fram dei vedunderlege formane og skjønnheita frå dei vanlege ting vi ser rund oss, blant anna i naturen. Då tenker ein gjerne på fine solnedgangar, eit fjellandskap i snøen eller fargerike blomstermarker. Men det er ikkje det ho er fokusert på. Ho er på leit etter den skulte skjønnheita i den vanlege naturen, i alle vêrtypane og i alle årstidene.

At trea er brune om hausten er ikkje noko spesielt. Men korleis eit blad tørkar ut og skrumper saman, det er noko som vi ikkje pleie å legge merke på. Vi er vande med sjå heilheita, men at denne heilheita er bygd opp av mange utroleg fine detaljer, er noko vi ikkje tenker over.

Ho jobbar også med menneskelege ansiktsuttrykk, og fargane som forandrar uttrykket. Kva er farga sine betydingane i maleriets uttrykk, kva er styrken av kvar enkel farge, og korleis påverkar fargane kvarandre? Det er utfordringar ho har jobba med sidan ho gjekk i kunsthøgskulen i Arnheim (Nederland), og framleis er dette aktuelt i måten ho utviklar seg.

Etter at ho flytta med familien sin til Norge i 2007, starta ho å male igjen etter fleire år med mindre tid til dette. Før flyttinga brukte ho malekunsten for det meste som metode i å jobbe med pasientar i forskjellige psykiatriske sjukehus. I Norge var det naturen som har sett ho i gong igjen med å male, og ho har også starta med å halde malekurs.

I 2008 starta ho ei lita verksemd Art-cetera, der ho tilbyr malekurs i både abstrakt og portrettmaling i acryl. Ho hadde mange fornøgde elever. I kursa handlar det om å finne inspirasjon og motiv, og om korleis det kan byggast opp til eit maleri / komposisjon / portrett ved å jobbe med flatene, malt med store og breie penslar.

Utstillinga i Galleri EogE er fyrste soloutstillinga ho har i Norge.

Vermeer vil vare å treffe i galleriet frå ca kl 12.00 på åpninga 6. april. Utstillinga er åpen frå kl 10.00 og vil vare fram til 3.mai.

Stad
EogE