Utstilling med Jertrud Eikås Eide

Fyrstikkdamer. Alle rettigheter: Jertrud Eikås Eide
Laurdag, 29 mars, 2014 klokka 00:00
Måndag, 31 mars, 2014 klokka 00:00
Tysdag, 1 april, 2014 klokka 00:00
Onsdag, 2 april, 2014 klokka 00:00
Torsdag, 3 april, 2014 klokka 00:00
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Flotte, friske og fargerike maleri i gjestegalleriet til EogE i Fosnavåg.

Utstillar er Jertrud Eikås Eide, ho kjem frå Kjøsdalen i Nordfjord, men er no busett i Bergen.
«At det var kunstneriske evner på gang vart oppdaga tidleg, mora hadde dette talentet sjølv, og dei vart tidleg sett igong med å tegne og male» seier kunstnaren.
Den kunstneriske siden var der alltid, og etter kvart vart tegning og maling ein livsstil. Etter 2 fantastiske repetisjonskurs ved Folkeuniversitetet i tegne- og malelære i 2003, var ho ett år i privat lære hos H. Konttinen, og seinare på private kurs hos V. Kielland. Andre kurs og kurshaldara er: Liz Rekve, Wenche Sunde, Gitte Klausen (Danmark) Anette Printz (Danmark) Janne Gullaksen, Urdihuset i Bergen. «Kursa gir alltid inspirasjon og energi. Eg vert heldigvis aldri utlært» seier Eikås Eide.
Ho mala først og fremst abstrakte maleri med effekta som gjer at folk kan sjå ting/noko figurativt i det. Med desse maleria fokuserer ho mykje på spontanitet og god komposisjon. Ho likar at betraktaren kan sjå forskjellige ting i maleria, og at dette er veldig forskjellig fra person til person. «Fyrstikkdamene» som ho likar å kalle dei – dukkar stadig oftere opp….
Teknikkane er helst akrylmaleri, brukar og oljemaling, collage, decoupage og kullstift.
«Frå 2005 har eg designa og malt maleri som er seld til privatpersonar og bedrifter over heile landet. Den kunstneriske ballen har rullar og det likar eg», seier Jertrud Eikås Eide. No sel ho veldig godt og bilda henna har blitt veldig populær i Bergen så då gjenstår det å sjå om dei fell like godt i smak her på Sunnmøre.
Salsutstillinga vert å finne i gjestegalleriet til EogE i Fosnavåg frå 29.mars til 2.mai. Kunstnaren rekk diverre ikkje å ta turen frå Bergen for å opne utstillinga, men maleria kjem, så alle er velkomne til å sjå eller finne seg eit friskt og flott maleri. Det er både skipsdåp og «Bylaurdag» i Fosnavåg åpningsdagen så det er vel vert å ta turen.

Stad
Galleri EogE
Kommune: 
Kategori: