Utstilling Roy A. Dahl

Torsdag, 7 februar, 2013 klokka 10:00-16:30
Fredag, 8 februar, 2013 klokka 10:00-18:00
Laurdag, 9 februar, 2013 klokka 10:00-16:30
Måndag, 11 februar, 2013 klokka 10:00-16:30
Tysdag, 12 februar, 2013 klokka 10:00-16:30
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Laurdag 19. januar kl 12.00 opna EogE ny gjesteutstilling i minigalleriet med Roy A. Dahl frå Langevåg. Den etter kvart kjende kunstnaren er fast utstillar i galleriet vårt, men ein gong imellom må vi berre gje han heile minigalleriet. No med ca 30 nye bilde.

Etter å ha gjort ein smugtitt på dei nye bilda gleder vi oss til å få henge dei opp og vise dei fram til kundane våre. Her er det mykje spennande, så her er det lurt å ta turen tidleg. Dahl vil sjølv være å treffe på opninga av utstillinga.

Utstillinga har mange av dei etter kvart så kjende motiva av barn eller paraplyjenter, behagelige og fredelige motiv som kan vekkje minner om egen barndom, barn og barnebarn. Men her blir det også store landskapsmaleri, kystmotiv  m.m. Noke for ein kvar smak og veggplass. For dei som ikkje kjenner til kunstnaren så er han født i 1958 og er frå Langevåg, men har røter i Herøy. Noko vi set pris på, for då blir det eit og anna Herøymotiv i maleria. Han er også kjendt utanfor landets grenser og har hatt seperatutstillingar både i New York, Holland og i Berlin.

 Velkommen til ein hyggeleg kunstopplevelse på EogE.

Utstillinga vil vare fram til 1.mars.

Stad
EogE
Rådhusgata 1
6099
Fosnavåg