Vår underfulle verden

Onsdag, 23 mai, 2012 klokka 19:30:00

Her står du midt i livet. Gamal nok til å skjøne at ungdommens draumar om karriere og familieliv kanskje ikkje heilt kjem til å halde, men enno utan nokon eigentleg forestilling om kva det vil sei å bli gamal.

Og sjølvsagt har naturen innretta det slik at din mor akkurat der og da utviklar Alzheimers og besluttar seg for å gi deg grunnkurset du ikkje ante du mangla i nettopp alderdommen sine velsigningar og utfordringar. Og med ein gong kan du berre gløyme å svare på dei av livets store spørsmål som har forfulgt deg dei siste fem-ti åra. Det er plutselig ikkje så relevant om du heiar på dei blå eller dei oransje, for din mor er sist sett i nattkjole på E6 i sørgåande retning og sjølv om det IKKJE er deg som er blitt gamal over natta arbeidar tida mot deg nå....

"Vår underfulle verden" er framsyninga som på ein varm og fin måte tar hol på kanskje det vanskelegaste spørsmål av alle. Korleis er det å bli gamal på skikkeleg? Er det då ein skal slutte å tenke på seg sjølv og gjere noko berre for andre si skuld? Er det slik å bli vaksen? Og kva så med det å bli gamal? Altså på skikkeleg? Korleis blir det?

Framsyninga er skapt av Giacomo Ravicchio på Meridiano Teatret i Danmark som jobbar med eit poetisk og billedsterkt teater. Vi gjenskapar framsyninga på Teatret Vårt med Gøril Haukebø og Daniel Karlsson i rollene som mor og son. Regien har Thomas Bjørnager i samarbeid med Claus Maack Bahnsen, som også har jobba med framsyninga i Danmark.

Av Giacomo Ravicchio Regi: Thomas Bjørnager i samarbeid med Claus Maack Bahnsen. Med: Gøril Haukebø og Daniel Karlsson

Stad
Arbeideren
Arbeideren
6025
ÅLESUND
Kommune: