Vårsøghelga

Publikum under Vårsøghelga. Fotograf: Anne V. Einum.
Fredag, 25 mai, 2018
Laurdag, 26 mai, 2018
Søndag, 27 mai, 2018
Måndag, 28 mai, 2018

Kulturfestival i Surnadal, første gong arrangert i 1995. Kulturfestivalen har blitt arrangert sidan 1995, og er eit allsidig arrangement for alle aldersgrupper.

Diktet "Vårsøg" av Hans Hyldbakk og med melodi av Henning Sommerro har gjeve namn til festivalen, som har markert seg som ei årleg kulturhelg av høg kunstnarleg kvalitet. Basisen er i lokalsamfunnet og den lokale kulturhistoria, og Vårsøghelga har fått stor publikumsappell både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Sjå heimesida for program.

Årets hovudartist er Ida Jenshus

Mange meiner at Kleivakvelden er Vårsøghelga sitt høgdepunkt, og det er ikkje utan grunn! Det er eit variert og kvalitetsprega program som blir presentert frå scena på Kleiva, heimplassen til Hans Hyldbakk. Med utsikt over breibygda i Surnadalsdalføret i bakgrunnen er dette ei vakker oppleving i maikvelden.

Henning Sommerro og John Pål Inderberg er tradisjonen tru musikalske konfransierar med glimt i auget.

 Årets artistar:

Ida Jenshus

Ove Røsbak, forfattar.

Øystein Baadsvik i samspel med Surnadal hornmusikk

Perikom trio, med Karstein Mauset

Skuleelevar framfører eigne dikt

________

Det er ikkje bilveg heilt fram. Bilen parkerer du på Skei, herifrå er det ca. 1 km å gå opp til Kleiva. Ved behov for transport, ta kontakt med Vårsøghelga.

Ta gjerne med sitjeunderlag.

Følg også med på Vårsøghelga 2018 si facebookside, og eiga side for arrangementet.

BILLETTSAL:

www.surnadal-kulturhus.no

Arr: Vårsøghelga

Stad
Surnadal
Kommune: 
Tema: