VAMP

Vamp. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Vamp. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Søndag, 27 november, 2016 klokka 19:00

VAMP er eit av Noregs mest folkekjære band. Søndag 27.november kjem dei til Ingebrigt Davik-huset for ein amfi-konsert med smakebitar frå deira siste album «Populas», samt andre kjende melodiar.

Gjennom 25 år har VAMP gitt ut studioalbum på studioalbum til strålande kritikkar. Overalt kor dei reiser på turné. er salane fulle av publikum og lovord. 

Etter den eventyrlege suksessen medd «Liten fuggel» (200.000 selde album) tok Vamp seg ein eitt år lang velfortent pause. Då dei kom tilbake, var det i ei revitalisert utgåve, med bandets originalvokalist Jan Toft tilbake bak mikrofonen og gitarist Bjørn Berge og bassist Kjetil Dalland som nye, sterke medlemmar. Med konseptalbumet «Populas» har Vamp levert ei plate som med innsikt og kjærleik foreiner humor og alvor, røffheit og varme, gnist og visdom. Eit av landets mest spennande band har teke eit nytt steg.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: