Velkomen til Storfjordstemnet 2014 - Ytste Skotet 1. juni

Ytste Skotet i Storfjorden. Foto: Storfjordens Venner.
Søndag, 1 juni, 2014 klokka 00:00

Vi ynskjer alle medlemmane våre og andre velkomne til jubileumsstemnet vårt: I år er det 25 år sidan vi overtok som eigarar på Ytste Skotet!

Vi innbyr til eit tradisjonelt stemnet med godt program. Programstart kl. 13.00

• Velkomen til stemne ved leiaren, Kjell Ole Løseth

• Helsing frå ordføraren i Stordal, Charles Tøsse

• Tale for dagen ved landbruksdirektør Anne Berit Løset

• Musikalsk innslag ved Jenny Langlo

• Ytste Skotet – minner frå farne tider. Intervju med tidlegare gardseigar v/Asgeir Kvernberg

• Ord for dagen ved Svein Runde(?)

• Allsong

• Helsing ved Einar Engen, Kulturminnefondet

• Sal av rjomegraut

• Sal av «minne frå stemnet»

• Tombola

• Omvising på garden

MEIR: Vi oppmodar folk om også å ta med niste.

Arild Flydal har donert eit stort tal av den siste boka si, «Fjordheimen», til Storfjordens Venner, og vi sel boka på kaia på Dyrkorn til ein spesialpris til kr. 200,- denne dagen.

Båtskyss frå Dyrkorn til Skotsstøa frå kl. 9.30. Siste avgang frå Dyrkorn ca. kl. 12.30.

Garden ligg ca 225 m.o.h, og det tek ca. 45 minutt å gå opp dit frå fjorden.

Etter stemnet vert det båtskyss attende til Dyrkornkaia. Skyssing så lenge det er behov.

MERK: Det er «Geirangerfjord» som skal stå for båtskyssinga. Folk som reiser frå Geiranger kan sitje på tur/retur derifrå. Båten går innom Stranda.

Avgang frå Geiranger: 07.30.

Avgang frå Stranda: 08.45

Ankomst Skotskaia: 09.20

Avgang Dyrkorn: 09.30

NB! Det er noko usikkerheit knytt til parkering og transport til og frå Dyrkorn – følg med på heimesida vår og eller Facebook sida vår for oppdatert informasjon.

På stemnet vert det òg høve til å teikne medlemsskap i Storfjordens Venner.

VI YNSKJER DEG OG DINE VELKOMNE TIL YTSTE SKOTET!

Meir informasjon? Kontakt oss på

post@storfjordens-venner.no eller mobil: 99 37 65 85

Stad
Ytste Skotet
Kommune: