Velledalskoret m/ Stine Hole Ulla - julekonsert

Velledalskoret. Foto: Arild Solberg. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Velledalskoret. Foto: Arild Solberg. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Laurdag, 20 desember, 2014 klokka 17:00

Velledalskoret har i fleire år vitja Stranda. Sist i fjor, då dei hadde med seg stjernevokalisten i Highasakite, Ingrid Helene Håvik, som spanande intermesso i konserten. Koret, med dirigent Solveig Håvik i spissen og fleire strandarar med på laget, er eitt av dei aller beste i fylket vårt, og vi gler oss til dei no kjem att!

I år slår vi til med ny julematinè, og også denne gongen kan vi skilte med eit toppnamn saman med det flotte koret.

Sykkylvsjenta og songstjerna Stine Hole Ulla har skapt seg eit stort namn på den norske musikkhimmelen etter at ho vann Norske Talenter for nokre år sidan. Saman med Velledalskoret vil ho lage ein konsert det kjem til å gå gjetord om.

 

Det er berre å skaffe seg billett straks!

 

NB! Merk tidspunktet kl. 17.00

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: