Vennebyen - Bestevenner med Blålys

Vennebyen. Illustasjonskjelde: Sjøborg Kulturhus.
Vennebyen. Illustasjonskjelde: Sjøborg Kulturhus.
Torsdag, 7 juni, 2018 klokka 18:00

Vennebyen kjem til Sjøborg kulturhus!

Song, dans og mykje moro er stikkorda når Apa, Ted, Elfie, Jumpi og Tonje frå Vennebyen kjem på besøk! Det kjem til å svinge frå scena med monge av dei kjente songane frå tv-serien.

I "Bestevenner med Blålys" vil du oppleve alle dei populære figurane frå Vennebyen på nært hold. Apa den ivrige politirekrutten, den snille Ted som drøymer om å køyre ambulanse, brannrekrutten Elfie som slukke brannar med snabelen, og sjølvsagt den klønete og nysgjerrige Jumpi som alltid sørger for at rekruttane våre har nok å gjere.

Dette showet har vore på vegen i over 6 år, og er hittil sett av meir enn 50.000 publikummarar over heile Noreg. Her kan du oppleve songar, dans, drama og mykje moro. Håper vi ser deg på Sjøborg denne kvelden!

"Bestevenner med Blålys" passar best for born mellom 2 og 6 år og deira foreldre/besteforeldre. Det vert høve til å møte karakterane etter forestillinga.

Varigheit: Omlag 45 min. utan pause

Ingen aldersgrense.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, ope mån-fre 08-21, laur 11-17 og søndag 12-18, telefon 901 85 764 og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne/born kr 220,-
Grupper (min. 4 stk) kr 190,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: